«Vert ikkje mett verken av torv eller stein»,- ja, det sa dei om trolla i eventyra.

Kven er det som ikkje vert mett av skattar som dei vil krevje av det norske folk? Utan å tenke på at folk og føretaka har svært ulik betalingsevne. Dette kjem tydeleg fram i kommunestyre og ulike lesarinnlegg.

Til deg som vil skattelegge meir hus og heimen til folk, vil eg seie klart og tydeleg: stem på venstresida i det norske landskapet.

Som eksempel, kven jobba iherdig for den urettferdige eigedomskatten?

I kommunestyret i Herøy, har vi lese i Vestlandsnytt at ein av Ap sine representantar har fleire gonger foreslege innføring av eigedomskatt.

I Vestlandsnytt den 27.juli kan vi lese eit heilt innlegg om alt det gode dei kan gjere, om dei får innført denne skatten. Forslagsstillaren Camilla Kvalsvik Aksnes og Sølvi Nerem Berø, listekandidatar for Herøy Arbeidarparti.

Det står ikkje eitt ord om kva dei vil gjere for dei som slit med å få endane til å møtast, alt før denne skatten vert innført. Ein ser ikkje teikn til sympati for dei som alt no slit med høgare og høgare renter, avgifter og matprisane.

Eit anna parti i landssamanheng er SV. Dei foreslo lakseskatt på 48%. Kva ville det seie for oppdrettsnæringa? Alle føretak har 22% skatt på overskotet. I tillegg skulle det i fylgje SV pressast på 48%. Til saman vert desse to skattane 70%. I tillegg har næringa kr 0,90 i produksjonsavgift per kg. Formueskatt kjem i tillegg. Og skal eigarane ta ut pengar, for å betale den, må dei betale utbytteskatt. Dersom SV sine haldningar til skattekrav skulle gjennomførast, måtte skattar og avgifter til saman bli om lag 85%.

«Ryk og reis til Sveits», seier leiaren for SV. Komplett uansvarleg frå venstresida i norsk politikk.

Ver du for grådig, så vil du få inn mindre. Utviklinga av oppdrettsnæringa er i ferd med å etablere seg stekt i andre land,- Kina, Sør Korea, Florida, gjerne med landbaserte anlegg.

At vi betalar skatt av det ein som person får av innkome, synest eg er både rett og rimeleg, og at skatteprosenten stig inntil eit nivå, til høgare innkoma er, synest også rett og rimeleg. Men systemet med eigedomskatt og også formueskatt er svært dårleg og er urettferdige skattar.

Til deg som har samvit til å presse på oss urettferdige skattar,- stem på partia på venstresida, så får du det du ynskjer. Agnar Dag Ulstein