Bruk di stemme på dei partia og dei kandidatane som gir tilsette i offentleg tenesteyting moglegheit til å gjere ein best mogleg jobb for innbyggjarane våre.

Hugs at kommunepolitikarane vi vel også blir arbeidsgjevar for dei mange kommunalt tilsette som kvar dag skal levere velferdstenester av god kvalitet.

Delta er partipolitisk uavhengig, både før og etter valet. Derfor gir vi ikkje noko råd på kva parti du skal velje, men vi er opptatt av å få kommunepolitikarar som forstår sitt arbeidsgjevaransvar og er opptatt av å skape og utvikle gode velferdstenester til beste for innbyggjarane våre.

Vi treng gode offentlege tenester av god kvalitet. Da må det satsast på dei tilsette og det må satsast på dei tilsette si kompetanse.

Derfor er vårt bodskap og vel ein god sjef som satsar på:

  • heiltidsstillingar

  • å utvikle tilsette si kompetanse

  • god oppgåvedeling

  • godt partssamarbeid

Dei fleire tusen folkevalde som skal veljast i haustens val blir alle arbeidsgjevarar for dei tilsette i kommunane våre. Vår oppfordring til politikarane er å vere bevisste arbeidsgivarar. Verdsett kompetansen til den enkelte tilsette. Difor oppfordrar vi i Delta alle veljarane er gi si stemme til gode sjefar!

Godt val!