Atle Måseide presenterer på kommentarplass i fredagsavisa nokre poeng frå ein kronikk han sjølv hadde på trykk i «Bergens Tidende». Hovudsynspunktet er kor uheldig det er at det blir stilt krav om pedagogisk utdanning for å få fast stilling i vidaregåande skule. Han etterlyser svar på kvifor dette er viktig. Det vil eg forsøke å gi.

Eit par korrigeringar

For det første må det vere mange år sidan denne kronikken stod på trykk, minst tjue. For Måseide kallar den pedagogiske utdanninga for dei som ikkje har gått lærarhøgskule, men har ein universitetsgrad eller yrkesutdanning i botn, for ped.sem, altså forkortinga «pedagogisk seminar». Dette har ikkje utdanninga heitt sidan 1994, då studiet blei eittårig, og fekk namnet PPU: Praktisk pedagogisk utdanning. For det andre er det rett at ein må ha PPU for å få fast stilling, men for lærarar i yrkesfag er dette annleis. Her må ein ta PPU innan to år etter at ein har fått fast stilling.

Utløysar for Måseide sine refleksjonar, var ein rasande flink astrofysikar frå Brasil som ikkje fekk fast stilling i vidaregåande skule. Ho hadde nemleg ikkje pedagogisk utdanning. Når det så er mangel på realfagslærarar i Noreg, men kanskje finst arbeidsledige ingeniørar, kvifor ikkje tilby dei arbeid, spør Måseide. Men nei, då må ein ha pedagogisk utdanning: «Om du er aldri så dugande fagleg, spelar inga rolle.»

Fagkunnskap eller pedagogikk?

Under Måseide sin kommentar ligg det evige spørsmålet: Kva er viktigast i skulen, fagkunnskap eller pedagogikk? Eg er sjølvsagt einig med Måseide i at fagkunnskap er særdeles viktig. Den som ikkje er trygg i faget sitt, vil ha problem med å legge til rette for god undervisning og læring. Å vere fagleg trygg kallar Måseide å ha «eit kunnskapsoverskott», og det er presist og godt sagt. Men er det nok?

Eg trur det det er mange som har møtt rasande flinke fagpersonar som ikkje har evna å lære frå seg, eller å sjå elevane og deira behov. Eg hadde sjølv ein professor ved Universitetet i Oslo som fylte tavla med ord på uforståeleg sanskrit, og så stod med ryggen delvis til studentane og messa uforståelege ord, utan å forklare kva dette handla om. Professor var han, men ingen pedagog.

Kvifor PPU?

Kva lærer ein så i den praktiske pedagogiske utdanninga? Jo, som Universitetet i Bergen seier på sine nettsider, lærer du å undervise, å ivareta elevane og å sjå og verdsetje kvar og ein av dei. Du lærer korleis du leier og legg til rette for god fagleg og sosial læring, korleis du planlegg og gjennomfører undervisning, og korleis du reflekterer over den undervisninga du har hatt. Vidare lærer du korleis du bygger gode relasjonar til elevar og føresette, og ikkje minst i dagens skule: Korleis vi kan ivareta mangfaldet i skulen og i den einskilde elevgruppa.

Den aller viktigaste delen av PPU er likevel tolv veker med praksis, i både ungdomsskule og vidaregåande skule. Under praksis får studenten rettleiing av praksislærar, og ein får tilbakemelding på både det som fungerer og det ein bør endre. Sjølv hugsar eg praksis som enormt lærerikt, sjølv om eg skalv slik på handa at eg hadde problem med å låse opp klasserommet. Men det trygga meg, og gav meg nyttige verktøy.

Ikkje berre dei teoristerke

Eg verdset fagutdanninga mi høgt. Men læraren er også dagleg leiar i ein bransje med unge menneske som kjem på skulen med heile seg. Dei ber på sine ressursar og utfordringar, og det krev mykje av læraren som både pedagog og menneske å møte dei og utruste dei for livet. For skulen er ikkje som han var då det berre var dei aller mest teoristerke som gjekk vidaregåande skule. Alle skal med. Derfor ville eg råde den brasilianske astrofysikaren til å ta PPU, heller enn å ergre seg over at det blir stilt profesjonsfaglege krav.

Liv Osnes Dalbakken, Lektor ved Ulstein vidaregåande skule