Det blir brukt ord som overraskande, sjokkert og trist om underskotet Hareid Kommune har pådrege seg for 2023. Trist er det, fordi det vil få konsekvensar for oss alle, og ikkje minst for dei som får tenester frå dei største sektorane våra, helse og omsorg, og i skulane våre. Men overraskande eller sjokkerande er det ikkje. At det har gått denne vegen har våre tydleg og synleg i lang tid og åtvaringane har våre mange. I 2021 hadde HK eit overforbruk høve budsjett med over 30 millionar, I 2022 med over 43 millionar. Felles for begge desse åra var at vi vart «berga» av ekstraordinære inntekter som ikkje var regna med eller budsjetterte med. I heile 2023 har varsellampane lyst, 20 millionar i minus på dei første 4 månadane, så ei vidare auke til over 40 millionar pr 31 august og no sist eit skissert overforbruk på totalt over 60 millionar. Administrasjonen har også våre tydlege på at ein i år ikkje kunne ha store forhåpningar til ekstraordinære inntekter. Ved sidan av det store overforbruket i forhold til budsjett på drift merkar kommunen no naturlegvis også konsekvensane av alle opprustingane, satsinga og utbyggingane som har våre vedtatt politisk og utført i kommunalregi siste åra, som ein kan lese i sakspapira : «I 2022 og 2023 steig renta kraftig og dei auka finansutgiftene gjer at det vert mindre pengar igjen til å drifte kommunen for». Pr. 31. august 23 viste rapporten at renteutgiftene var omlag 7 millionar kroner over budsjett.

Heldigvis, om ein kan bruke det uttrykket i den alvorlege situasjonen vi står i så treng vi ikkje å avdekke kvifor avvika har oppstått slik ein kan få inntrykk av i ei reportasje i lokalavisa. Grunnane er godt dokumenterte, rapporterte og forklarte av kommunalsjefane i sektorane, her er ingen mysterium som trengs avdekkast. Vi har fått framlagt grundige og punktvise forklaringar, utfordinga framover blir å rette opp det som har blitt synleggjord.

Vi i Hareid INP ønsker prosessane vi skal inn i no framover velkomne, det er på høg tid vi tar ein fot i bakken og får retta opp det som må rettast opp. Vi må sørge for at budsjetta som blir vedtekne er realistiske, dette er eit politisk ansvar. Det kan ikkje vere slik det er i dag at alle utgifter, bevist eller ubevisst, ikkje er tatt med for å få eit budsjett i balanse. Eit eksempel på dette er eit av momenta som blir trekt fram av begge dei store sektorane, her referert frå rapporten til sektor for Læring og kultur : «Det er heller ikkje til å leggje skjul på at redusert budsjett/årsramme genererer overforbruk i høve til reelt behov».

Vi må også gå kritisk gjennom alle prosjekt som etter sigande skal gi kommunen inntekter, besparelsar og vekst. Gode og dokumenterbare prosjekt som inneheld realistiske framtidsutsikter beheld vi, men ikkje lovpålagde prosjekt som belastar kommuneøkonomien skal avviklast/avhendast. Vi må fokusere på primær tenestene våra.

For å sette det på spissen ,; Ein kan ikkje prioritere å bygge eit «dass» på Kvitneset når våre born og eldre treng og manglar heilt basale ting og tenester.

For Hareid INP,

Gruppeleder

Øyvind Grimstad