Nyheita om at Suel Kassembo, som etter 19 år på Søre Sunnmøre skulle tvangssendast ut av landet på svært kort varsel, har vekt eit enormt engasjement. I skrivande stund har 8402 personar skrive under støtteoppropet. Lokalsamfunnet slår ring om Suel, og står opp mot følgjene av ein urettferdig flyktning-og asylpolitikk. Fleire stortingspolitikarar har engasjert seg. Takka vere dette engasjementet, saman med godt arbeid frå advokatane, vart utsendinga stansa i 12. time. No vert det rettssak, og vi må håpe at dei sterke menneskelege omsyna vil gje Suel fast opphald i Norge.

Vi i SV har lenge kjempa for endring av lovpraksisen til UNE (utlendingsnemnda). Dette er ei av fleire saker som syner at UNE sin firkanta, urimelege praksis med å kaste ut godt integrerte flyktningar som har budd lenge i Norge må få ein grundig gjennomgang, slik SV, med tilslutning frå fleire andre parti, har foreslått på Stortinget. Eitt av framlegga gjekk ut på å be regjeringa kome til Stortinget med framlegg til ei ny eingongsløysing for lengeverande asylsøkarar med lang butid i Noreg, der dei som har budd i Norge i meir enn fem år får høve til å søkje om permanent opphald.

Hadde dette framlegget vorte vedteke, ville Suel ha vore i denne gruppa. Diverre vart det nedstemt av fleirtalet. La oss håpe at hans sak, og den solidariteteten folk viser, kan bane veg for at eit slikt framlegg kan få fleirtal i neste runde. Det gjev i alle fall oss som politikarar tru på framtida og motivasjon til å kjempe vidare for ein meir rettferdig praksis i flyktning-og asylpolitikken. Lengeverande mindreårige flyktningar som har gått gjennom så vonde ting som Suel, burde sleppe å ta den enorme belastninga det er å gå til rettssak for å få bli i Norge.

Birgit Oline Kjerstad, stortingsrepresentant Møre og Romsdal SV

Marit Aklestad, 1. kandidat på fylkeslista til Møre og Romsdal SV