Brei politisk semje om at Sande kommune skal bli eit skatteparadis.

Ja, det kan vi lese i Vestlandsnytt 11.nov.22.

I forhold til Ulstein kommune, Hareid, Ørsta og Volda kommune er dei lang på veg til å vere eit skatteparadis, alt no. For dei har ikkje plaga innbyggjarane med den urettferdige eigedomskatten.

Og set dei no ned formueskatten, som også er ein skatt som ikkje tek omsyn til innkoma som føretaka eller einskildpersonar har å områ seg med,- ja, då kan vi kalle Sande eit skatteparadis.

Uansett vil dette føre til auka bulyst.  Og så spørst det om ikkje den totale skatteinnkoma til kommunen vil bli like god, eller betre, med nye innbyggjarar som skattebetalarar.

Dei betalar litt formueskatt til kommunen, i tillegg til at dei vil betale betydeleg meir skatt på inntekt. Det kan bli ein vinn-vinn situasjon for både innbyggjarane og kommunen.

Vert denne ordninga med særs lav formueskatt og utan eigedomskatt, så har eg stor forståing av at folk og føretak busett og etablerer seg i Sande.

Der er underleg å legge merke til korleis større kommunar  enn sande har gjort seg avhengig av eigedomskatten, samstundes som dei må nytte høgste satsar på formueskatten.

No har ikkje eg så stor formue at eg får formueskatt, Men hadde eg det hatt, og ikkje var i mitt 83. år, så hadde eg beinast flytta til Sande.

Eg er for progressiv skattelegging, der den som tener mykje skal ha høgare skatteprosent til meir ein tener, men det er ei grense for kor grådige det offentlege systemet skal være. Det må løne seg å stå på med sine evner, og være kreativ til å skape føretak og få ha eigenkapital til å trygge arbeidsplassane.

Lykke til Sande kommune. Det skal bli interessant å fylgje med.

-

Engasjert? Send inn dine lesarbrev til redaksjon@vikebladet.no