Kommunedirektøren føreslår å auke eigedomsskatten neste år. Det er svaret på at dei ikkje greier å halde vedtekne budsjett, vél vitande om at det er urealistisk å legge denne belastninga på innbyggarane. Hus og mat er dyrare enn før, så innbyggarane er allereie i sparemodus. Folk kuttar forbruket sitt, og då må også kommunedirektøren vise at ho kan kutte sitt forbruk.

Der er ikkje meir pengar å bruke på velferd i kommune-Noreg. Derfor må ein kutte kostnader. Siste to-tre periodene har prognosene vist at velferdsnivået er høgre enn vi har råd til – og kommunedirektøren sine budsjettalar har i hovudsak handla om at kommunen må omstille seg. Når kjem denne omstillinga? Vi har sett av midlar til innkjøp av teknologi. Vi har fått organisatoriske forklaringar som leiarmangel og planar om oppfølging i organisasjonen. Vi har vore på møter der temaet om system- og prosjektoppfølging har vore lansert som løysingar. Kvar blir dette av? Til og med Jonas sa at vi må kutte nokre hjørner sidan det er krig i Europa og for å hjelpe så mange som råd med det «vesle» vi har her i landet. Nokre einingar fyl pliktoppfølgjande opp, medan andre ser ut til å ha frie tøylar.

Det er ikkje omstilling å ause pengar opp i same silen. Pengar tettar ikkje slike hol. Det er lim i organisasjonen som tettar hol. Omstillinga skulle ta høgde for fleire eldre og for så vidt også yngre som treng hjelp frå fellesskapet og ein auke i bygge- og bulyst og godt omdømme var noko av oppskrifta. Eigedomsskatt gjev ingen av delene. Det vert balanse berre på papiret, men ikkje i realiteten. Den dagen kommunedirektøren kan vise til omstilling, er dette eit truverdig budsjett – men verken innbyggarane eller vi som representerer dei trur dette løyser noko.

Kristian Fuglseth

Folkelista for Hareid kommune