Reiselivet styrkar bulyst og arbeidsmarknaden

Reiseliv som drivkraft i utvikling av Hareid

Ei attraktiv kommune å besøkje er også ei attraktiv kommune å bu i. Hareid treng ei bevisst satsing på stadsutvikling for å skape puls og attraktivitet, og reiselivet kan vere ein medspelar i å skape dette. Det er nettopp opne restaurantar, kafear, hotell, kultur og uteliv som skaper sosiale arena som gjer at folk vil flytte hit og bli buande. Å satse på reiseliv kan derfor hindre fråflytting og forsterke den positive folketalsutviklinga vi har i Hareid. Reiseliv er med på å skape attraktive kommunar som gjer at barnefamiliar vil bu og jobbe i kommunen. Dette skaper ringverknader i t.d. skule, barnehage og driftsgrunnlag for handel.

Reiselivsnæringa skaper arbeidsplassar

Hareid er ei svak reiselivskommune målt i arbeidsplassar og verdiskaping. Offentleg statestikk viser at berre 21 personar er sysselsett i reiselivsnæringa i Hareid. Dette gir ein kommunal skatteinngang på ca 0,7 millionar kroner. Dersom Hareid skulle følge snittet til dei andre kommunane på Søre Sunnmøre, ville vi hatt ca 60 fleire årsverk innan næringa, noko som tilsvarar ca 2 millionar kroner i auka åreleg skatteinngang til kommunen. Hareid er på eit lågt utgangspunkt, men kan berre bety ein ting: Det kan berre gå oppover herifrå!

Reiselivet som inkluderings- og integreringsmotor

Hareid treng fleire nye arbeidsplassar , samtidig som vi ønskjer å redusere talet på dei som står utanfor arbeidslivet. Velferdssamfunnet er avhengig av at fleire kjem seg i jobb, og her kan reiseliv vere ein del av løysinga. For mange unge eller innvandrarar kan ein jobb på eit hotell eller ein restaurant vere deira første møte med arbeidslivet, ein døropnar til praksis, erfaring og kompetanse og eit springbrett til ei vidare karriere.

Hareid ser moglegheiter midt i ein sterk reiselivsregion!

Hareid har fleire styrkar når det kjem til reiselivsarbeid. Vi ligg midt i ein sterk reiselivsregion og i eit kommunikasjonsmessig kryssingspunkt mellom Ålesundsregionen og Søre Sunnmøre. Vi ligg tett på to flyplassar og skipsleia går rett forbi med gode innseglingsforhold.

Hareid treng fleire kommersielle reiselivsprodukt som kan skape inntekter og arbeidsplassar i næringa. Desse produkta treng besøk over kritisk masse for å sikre driftsøkonomi og utviklingsmoglegheiter. Den viktigaste marknaden for å hente volum finn vi i Ålesund, berre 25 minutt med båt frå Hareid. Årleg besøker 1-1,5 millionar turistar Ålesund. Vidare jobbar kommunen og næringslivet med å kunne ta imot cruiseskip, som vil vere ein viktig bidragsytar i å skape volum både for reiselivsnæringa, men også for handelsstanden og øvrig næringsliv.

I hamnebassenget ser ein no tydelege spor av det som skal bli den føretrekte gjestehamna på Sunnmøre. Kommunen har investert i ny gjestehamn, med tilhøyrande servicebygg med sauna. Dette vil, saman med ei eventuell utviding av eksisterande bubilparkering, vere eit viktig ledd i å legge til rette for fleire tilreisande. Ei vidare satsing i dette området med vidareutvikling av sentrumsområde vil skape eit attraktivt areal i tilknyting til hamnebassenget både for tilreisande og eigne innbyggarar.

Eit heilårsope sentrumshotell med serveringstilbod, lokalitetar for kulturaktivitetar, møtefasilitetar og liknande er ofte ryggrada i reiselivsnæringa på mindre stadar som Hareid. Dei siste åra har Hareid mangla dette hotellet og vi ser at både innbyggarar, næringsliv, idrettsarrangement og turistar etterspør dette tilbodet. I samarbeid med ulike aktørar blir det jobba med ulike konsept for å reetablere hotelldrift på Hareid, eventuelt i kombinasjon med kultur- og konferansearena.

Sterke attraksjonstema som spydspissar i vidare arbeid

Hareid har to sterke attraksjonstema i polarhistorie og vikingtema, begge med stort potensiale for vidareutvikling. Her legg vi opp til tett samarbeid med relevante aktørar for å bidra med kompetanse og ressursar til å bygge fleire salbare produkt. Vidare har vi eit aktivt verkemiddelapparat og eit sterkt destinasjonsselskap som kan støtte oss i det vidare utviklingsarbeidet.

Mykje må byggjast frå grunnen av for å oppnå kritisk volum innan reiseliv i Hareid. Å ta ein posisjon frå eit svakt utgangspunkt er ei lang reise som vil krevje uthaldenheit, kapital og kompetanse. Gjennom arbeidet som no blir sett i gang skal kommunen og næringslivet saman legge eit realistisk og nøkternt utviklingsløp dei komande åra. Vekst i Hareid og Hareid kommune v/Hareid hamn, har sett av midlar til å jobbe med konkrete tiltak innan produkt-, destinasjons- og hamneutvikling, gjennom det som har fått namnet Hareid cruisenettverk (HCN).

Dette skal vere eit nettverk for reiselivsaktørar, servicenæring, handelsstand, frivillige og øvrig næringsliv som kan ha ei eller anna interesse inn mot cruise eller reiseliv på generelt grunnlag. Vekst i Hareid, Hareid kommune og Hareid hamn er alle representerte i styret i HCN og bidreg med dette til å sikre at nettverket får ei sterk forankring i Hareid kommune si satsing på reiselivsutvikling. HCN er etablert som eit dotterselskap under Destinasjon Ålesund og Sunnmøre og har fått ein dyktig dagleg leiar som har jobba med reiseliv og cruise i mange år. På denne måten knyter vi til oss nyttig kompetanse og samlar aktørane i eit fellesskap som vi håpar skal gi knoppskyting og gode samarbeid. Vidare er det etablert nettverk mellom bedrifter i alle dei sju kommunane på Søre Sunnmøre gjennom eit felles reiselivsprosjekt.

Framoverlent satsing på reiseliv

Til saman representerer dette ei satsing på reiseliv som ein aldri tidlegare har sett i Hareid. I tillegg veit vi at både Møre og Romsdal Fylkeskommune som regional utviklingsaktør og Innovasjon Norge Møre og Romsdal har reisemålsutvikling som prioriterte satsingar. Hareid kommune har status som omstillingskommune og har prosjektet Vekst i Hareid, som gir oss eit økonomisk handlingsrom i nokon år framover. Dette set kommunen og Vekst i Hareid i ein posisjon som mogleggjer eit utviklingsløp på eit overordna nivå med omsyn til strategiutvikling, nettverksbygging og tilrettelegging for aktørar som har satsa og aktørar som ønskjer å satse på reiseliv.

Tilsvarande gir dette næringslivsaktørar auka moglegheit til finansiell støtte for å teste ut, etablere og utvikle reiselivsverksemd som framstår som økonomisk usikre, men med et godt potensiale for lønsemd. Rolla som fasilitator i samspelet mellom aktørar og verkemiddelapparatet vil vere ei prioritert oppgåve for Vekst i Hareid dei komande åra.

Julie Sundgot Andersen – prosjektleiar Vekst i Hareid.