Det nærmar seg kommuneval og tida for å byrje å tenkje kva ein skal stemme er koma.

Det fyrste eg vil seie noko om er kor viktig det er at Ulstein kommune blir sett på som ein kommune og ikkje som «sentrum og krinsane». Alle som er busett i Ulstein kommune skal kjenne på tilhøyrsle og det å vere inkludert uansett kvar i kommunen ein er busett. Det er ein attraktiv kommune vi bur i, der folk kan busetje seg etter kva ein ynskjer å ha utanfor ytterdøra si. Vi er heldige som bur i ein kommune som har moglegheiter til å kunne skape gode liv og verdiar for oss sjølve og familiane våre.

Det andre eg vil seie noko om er nemleg skulestrukturen. Dagens skulestruktur består av 4 barneskular, desse 4 barneskulane treng vi for å kunne tilby ein god oppvekst og gode levekår i heile kommunen. Skulesaka er ei utruleg viktig sak som ikkje må gløymast, sjølv om det har vore stilt om skulenedlegging ei stund så må ein hugse på at «eit vedtak varer berre fram til neste vedtak». Ikkje gløym det! Skulane er viktige for borna, familiane deira og for krinsane i kommunen. Dei er med på å skape mangfald og ein sosial arena der skulekorps, idrettslag, messer og kaféar av forskjellige sortar blir arrangerte. Det skapar liv og glede, som igjen skapar bulyst! Dette er til fordel for alle i kommunen, for det er nemleg ikkje plass til at alle skal bu i sentrum.

Og ein siste ting! Dersom du tenkjer at skulenedlegginga ikkje angår deg eller dine born fordi det ikkje gjeld deira skule, så gjer det faktisk det. Det gjeng utover alle borna i kommunen dersom skulane blir lagt ned, dessverre.

Ulstein Senterparti har vore den tydlegaste røysta mot skulenedlegging, og kjem også til å vere det i framtida. Difor kan du trygt stemme på oss ved valet i haust dersom dette er ei viktig sak for deg! Godt val!

Olivia Nesset Drage 2.-kandidat for Ulstein Senterparti ved kommunevalet