Det gler meg i desse dagar at valgomatene er lagt ut både av NRK og VG, og eg tilrår alle og ein kvar å ta seg ein runde innom disse. - I denne samanhengen har eg merka meg noko interessant.

Alle partia utanom eitt er for å redusere eigedomsskatten i komande periode. Dette er bra for innbyggjarane og lovar godt for eit breitt fleirtal i åra som kjem.

Foto: SKJERMDUMP

Men! Eg vil minne innbyggjarane på at det berre er eitt parti i noverande periode som verkeleg har gått inn for ein slik reduksjon, og dette i alle budsjettdebattane som er gjennomførte i perioden. Eg skal ikkje bli for oppteken av historie, men må nemne budsjettperioden 2023 til 2027. Her føreslo Høgre først ein stor reduksjon i eigedomsskatten, men vi fekk ikkje fleirtal for dette. Då reduserte vi ambisjonen til ein reduksjon på 0,1 promille frå dagens sats. Heller ikkje dette fekk vi fleirtal for. Vi har i dag politikara som seier at eigedomsskatten i kommunen ikkje har auka for 2023, men det er ikkje sant. Alle som får skattesetelen for sin eigedom  kan bekrefte at auka har vore mellom 6-8 % for 2023!  Kommunestyret har vedtatt å halde satsen stabil i tre år på rad, altså 1,75 promille, men for huseigarane betyr det at skatten årleg aukar i tråd med den skattemessige verdistiginga på bustaden - Som den har gjort kvart år sidan 2020.

Høgre gjekk i spissen for ein reduksjon i 2020, og for periodisk innbetaling av eigedomsskatt so lenge vi har eigedomsskatt i Ulstein kommune - Og vi kjem ikkje til å gi oss!

Eigedomsskatten skal fort ned og fort vekk!

Stem blått i haust, og la deg ikkje bli blenda av valflesk gjennom valgomaten som kjem til uttrykk i kandidatane sine svar på spørsmålet om eigedomsskatten.

Godt val!