Så er vi der igjen at du som veljar får nytte din rett. Nytte din rett til å påvirke kven du meiner skal styre skuta i Ulstein dei neste fire åra.

Kven tenker du innehar dei verdiar, tankar og idear som best tek i vare ombodsrolla for å få til eit Ulstein-samfunn slik du ønsker?

Ulstein skal vere ein god stad å bu, med tryggheit for at du får dekt dei behova du har i ulike livsfasar.

Du skal ha tryggheit for at du som einskildmenneske vert sett og tatt på alvor.

Kvar og ein av oss er viktige for å få det mangfaldet vi som kommune er kjende for, og som vi er så stolte av.

Mangfaldet viser seg gjennom idrett og kultur, i offentleg- og privat næringsliv, i frivilleg arbeid m.m.

Berre det å bu og leve her, viser meg kvar dag dette mangfaldet, samansett av einskildmenneske med sine ulikskapar og kvalitetar som til saman dannar samfunnet våra.

Det er dette politikk handlar om. Det handlar om at vi som menneske skal kjenne på at vi har gode og trygge liv i Ulstein.

Det er dokke eg stiller meg til disposisjon for dei neste fire åra. Eg er glad i folk, og det er viktig for meg at dokke alle skal kjenne meistring og tryggheit kvar dag, heile livet.

Politikk handlar om deg, meg og oss alle i fellesskap.

Difor oppfordrar eg deg til å nytte din rett og gjere di plikt, bruk stemmeretten din.

Godt val!