Hafest er ei sentrumsgruppe som jobbar med trivselstiltak i Hareid.

Eit stadig tilbakevendande tema, med stigande irritasjon i bygda, er at kundane framleis møter stengde dører hos Apotek1 i Hareid sentrum. Gjenopning verkar å vere heilt i det blå, noko som blir ein meir og meir alvorleg og uakseptabel situasjon for innbyggjarane.

Apotek1-kjeda som er Norges største, med meir enn 450 avdelingar rundt om i landet, driv for tida to (!) apotek i Ulsteinvik. Regionsjef Hanne Tram i Apotek1-gruppen, hevdar at dei jobbar intens med både kort- og langsiktig løysing av den prekære situasjonen for Hareid-apoteket. No er vi inne i den tredje månaden med stengde dører. Dersom Apotek1 gjer «alt som står i deira makt» slik dei hevdar, må vel ein apotekar frå ei av avdelingar i Ulsteinvik kunne omplasserast i nokre veker (eller månader), som ei kortsiktig løysing? Dette er vel ikkje for mykje å be om med tanke på situasjonen for innbyggjarane i Hareid no?

Alle veit at hausten og vinteren er utfordrande med mykje sjukdom blant folk. Influensa- og koronasesongen er i full gang, og vil truleg vare langt utover vinteren. Då trengs det eit ope apotek i bygda, særleg gjeld dette for ei stor gruppe eldre som er langt mindre mobile enn folk flest.

Hafest forventar at Apotek1 no tek dei grepa som skal til for å få på plass ei midlertidig, og seinare ei langsiktig løysing for gjenopning av apoteket i Hareid.