I skrivande stund er eg på veg heim frå landsmøte i Framstegspartiet der vi har feira 50-års kamp for større fridom for enkeltmennesket og mindre offentlege inngrep. Frp sin politikk har stått seg godt gjennom desse 50 åra, og vi har oppnådd mykje. Vi har bidrege til å fjerne både TV-monopolet og telemonopolet som i dag verkar heilt utenkeleg. Opningstidene på butikkane har blitt kraftig utvida noko som har ført til fleire arbeidsplassar og at kvar og ein av oss får ein meir fleksibel kvardag. Frp og SV sikra full barnehagedekning ved hjelp av likebehandling av offentlege og private barnehagar. Dei private barnehagane er velferdsytarar som venstresida no med SV i spissen vil til livs fordi dei tener pengar på å yte tenester til det offentlege. Kva med alle entreprenørbedriftene og andre som leverer tenester til stat og kommunar? Er dei også velferdsprofitørar som skal takast i neste omgang? Vil vi verkeleg ha offentlege monopol som slepp å ta omsyn til innbyggarane sine behov?

Vi har vore pådrivarar for å få på plass ein innvandrings- og integreringspolitikk som har ført til at vi har lykkast langt betre enn t.d. Sverige som har ført ein dumsnill politikk. Med Frp fekk vi lavare skattar og avgifter, og vi fekk fjerna arveavgifta (populært kalla dødsskatten). Dagens regjering har stått for den største auken i skatt på eitt budsjettår enn nokon sinne. No les eg at Ap på sitt landsmøte skal diskutere å innføre enda fleire kreative skattar. Framstegspartiet i regjering sørga for tidenes samferdselsløft. Det gav oss betre, tryggare og raskare vegar. Dette er berre noko av det Frp har kjempa for og fått gjennomslag for i løpet av desse 50 åra. Vår kamp for fridom er minst like viktig i dag som den var for 50 år sidan.

Vi har i dag ei regjering som er meir opptekne av å auke statens skattkammer enn å løyse vanlege folk sine problem. Medan staten hentar inn milliardar av ekstrainntekter på grunn av energikrisa i Europa og nye oppfinnsome skattar, så opplever folk at kjøpekrafta blir kraftig svekka på grunn av høge straumprisar, matprisar og drivstoffauke. Den norske krona er kraftig svekka noko som gjer det dyrare å kjøpe importerte varer og reise til utlandet. Det gjer at lønsoppgjera naturleg nok vert mykje dyrare enn nødvendig, og kan i verste fall føre til ein løns-og prisspiral som vert vanskeleg å snu. Men kanskje det verste av alt, er at denne regjeringa fører ein politikk som bidreg til kraftig sentralisering og tappar distrikta for kapital og arbeidsplassar. Vi er i mot både lakseskatt og formueskatt fordi det fører til mindre investeringar og at arbeidsplassar vert sett i fare. Dagens formueskatt straffar norske eigarar og gjer at «våre eigarar» må betale nesten dobbelt så mykje skatt som statseigde eller utanlandske eigarar gjer. Denne skatten må betalast heilt uavhengig av om bedrifta tener eller taper pengar. Dette er så blodig urettferdig at det er på tide at skatten vert fjerna ein gong for alltid. I tillegg vil kutta i samferdselssektoren føre til at vedlikehaldsetterslepet aukar. Det gjer næringslivet vårt mindre konkurransedyktige og vi og våre kjære vert meir sårbare i trafikken. Det er ei brei einigheit i næringslivet om at dagens regjering er næringsfientleg. Meiningsmålingane viser at folk flest heller ikkje vil ha dagens politikk. Eg håpar at folk flest sluttar mannjamnt opp om Framstegspartiet ved haustens val og ved stortingsvalet i 2025. Det treng og fortener Norge.

Knut Erik Engh

-

Engasjert? Send inn dine lesarbrev til redaksjon@vikebladet.no