Eg har skrevet det før: Eigedomskatt har i alle fall ein likskap med narkotika. Det er lettare å ta til med den, enn å slutte med den. Dersom den er innført.

Ikkje nok med det, men bruken har lett for å auke. Først ei promille, og etter kvart kan den auke til 4 promille. Og så kan grunnlaget for utrekninga også auke etter kvart som kroneverdien på eigedomen aukar.

Ja då,- får det offentlege lagt på fleire skattar på folket, så kan det offentlege finansiere meir av ulikt slag.

Det ser ut til at Ap /SV, venstresida i norsk politikk ikkje har magemål,- når det gjeld å belaste veljarane.

Eigedomskatten tek ikkje omsyn til kva du har i innkome til å betale med. Derfor er den ein urettferdig skatt.

Ungdom som nettopp har kjøpt seg nytt hus, som har fått høg rente, og stendig aukande kommunale avgifter, stigande straum og matvareprisar, har meir enn nok med å halde hovudet over vatnet.

Minstepensjonist-enka som har mista mannen sin, som hadde beste innkoma, slit med den urettferdige skatten attåt alt anna.

Skatt på overskot i ei bedrift på 22% er greitt. Men eigedomskatt på ei bedrift, når der ikkje er overskot til å betale med , er ikkje greitt.

Ein godt betalt professor som har leia eit utval om skattereformer, vil også ha ein ny statleg eigedomskatt. Heldigvis trur eg den førebels ligg i ei skuffe.

Det er ikkje berre kva som ligg i pengebingen til staten som betyr noko, men kva  folket som bur i landet har å områ seg med.

Staten har nok pengar,  15.000 milliardar kroner. Kommunen må lære det veljarane må halde seg til. Vi kan ikkje investere og bruke meir enn vi har innkome til.

Ja eg ser i Vestlandsnytt kva ordførarkandidaten til Herøy Ap argumenterer med. Det tek eg som ei stadfesting på det eg skriv om,- når det gjeld venstresida i norsk politikk.

Veljarar! Gå å stem! Vi får dei politikarane vi stemmer på, og den politikken som fylgjer dei.