Det vesle oljeselskapet Questerre gjorde det skarpt på børs måndag, etter at det blei kjent at Quebec-provinsen i Canada godkjente ein ny petroleumslov. Denne lova vil opne opp for at myndigheitene i Quebec kan utvikle gass- og skiferoljereservar, og Questerre sit på lisensane.

Det førte til at aksjekursen auka enormt, og både storaksjonærar og mindre aksjonærar gjorde seg gode pengar.

Blant aksjonærane finn ein vanylvingen Idar Leon Nygård, fiskar og styrmann på Fosnavåg Havfiske-båten Nordsjøbas. Måndag kveld kunne han sjå at aksjane hans i selskapet hadde auka med sju millionar kroner i verdi. Det skriv Dagens Næringsliv, som omtala saka først.

Han står oppført som eigar av 1,9 millionar aksjar i selskapet, og med ei stiging på over 30 prosent måndag hadde aksjane hans ein snittverdi på over 14 millionar kroner. På det meste over 17 millionar kroner.

Vil ikkje selje

Aksjane i Questerre kjøpte han for fem-seks år sidan, og han kjøpte endå nokre fleire under ein emisjon for nokre veker sidan.

- Eg tente gode pengar på dei ikkje så lenge etter eg hadde kjøpt dei første gong. Eg selde meg ut, og kjøpte meg inn igjen litt seinare. Diverre hadde selskapet ein stor nedtur etter dette, men eg heldt hovudet kaldt, og blei med på oppturen igjen. Det bar jo frukter, kan ein seie.

Men, den sindige 48-åringen har ikkje tenkt å realisere aksjane med det første.

- Aksjane er der framleis dei. At eg har tent pengar på dei, slik som mellom anna Dagens Næringsliv og Sunnmørsposten har påpeika, stemmer ikkje. Det har vore ein fantastisk opptur å følgje med på, men dette var eit "rush". Prisen låg på rundt ni kroner måndag kveld, men den går nok ned igjen til rundt fem kroner aksjen om ikkje så lenge, fortel Idar Leon Nygård til Vikebladet Vestposten.

- Kvifor sel du ikkje aksjane, når du kan tene så mykje?

- Kvifor selje? Skal eg selje og sette pengane på ein vanleg bankkonto til nesten ingenting i rente? Nei, dette er ei langsiktig investering, og eg har trua på at dette selskapet vil halde fram med å gjere det bra framover. Eg er nok også meir interessert i selskapet enn mange andre aksjonærar, og kunne godt tenkt meg å reist til Canada og sjå korleis dei jobbar. Eg er ikkje aksjonær i selskapet berre fordi eg vil tene pengar. Eg vurderte det, det gjorde eg, men kom raskt fram til at eg er med vidare. Så kan eg jo også trenge litt ekstra i pensjon om nokre år, seier Nygård og flirer.

- Godt det ikkje berre er negativt

Nygård har ikkje hatt landbasert arbeid nokon gong, og har vore styrmann sidan han var 23 år gammal. Han jobbar også som styrmann på ferje når han er heime frå sjø. Han fortel at han er glad for at Questerre og fleire andre olje- og gassrelaterte selskap gjer det betre no.

- Dei nyttar seg av interessant teknologi, og det er herleg å sjå at det ikkje berre er negativt det som skjer innan offshore og olje- og gassindustrien for tida.

Nygård har ein sjark som han fiskar litt frå når han er heime. Som fiskar og styrmann har han vore mannskap på båtane Gollenes, Sævikson og Fosnavåg Havfiske-båten Nordsjøbas. Sistnemnde, ein pelagisk trålar med ringnot, er båten han er på no for tida.

- Det har vore godt fiske og gode prisar på fisken i haust. I tillegg har eg no tent meg litt ekstra pengar på aksjar. Alt i alt har det vore ein fin haust. Eg skal ikkje klage, seier Nygård avslutningsvis.