Eit sjølvkøyrande elektrisk skip skal spare miljøet for 40.000 lastebilturar årleg på lokalvegane mellom Brevik og Larvik.

Enova går inn med 133,6 millionar i støtte til utviklinga av skipet som er i gang ved Sintef, i eit samarbeid mellom Yara, Kongsberggruppen og DNV GL.

Bakgrunnen for prosjektet er at Yara årleg fraktar mineralgjødsel 1 million kilometer på distansen mellom Brevik og Larvik for å sende produktet vidare med konteinarskip. Lykkast prosjektet, vil det bli eit kutt på 750 tonn CO2 og vil bety eit banebrytande gjennombrot i utviklinga av autonom transport.

– Dersom dei lykkast, betyr dette ei ny tid for godstransport til sjøs, seier administrerande direktør Nils Kristian Nakstad i Enova.

Selskapa byggjer no eit autonomt konsept på Herøya som skal sørgje for at skip blir fortøydd, lasta og lossa automatisk og elektrisk.

Torsdag vart første modell av skipet, som allereie er namngitt Yara Birkeland, demonstrert i Havlaboratoriet ved Sintef i Trondheim. Modellen er 6 meter lang, veg 2,4 tonn og er første framvising av skipet slik det er endeleg tenkt å sjå ut.

Skipsmodellen er designa av Marin Teknikk frå Sunnmøre, og vil gjennomgå grundig testing dei nærmaste vekene.