Ulstein Group har tapt éin milliard på tre år

Verftskonsernet Ulstein Group har dei tre siste åra hatt eit minus-resultat før skatt på til saman 1.022 millionar kroner, går det fram av årsrapporten til konsernet med base i Ulsteinvik.

Verftskonsernet Ulstein Group har dei tre siste åra hatt eit minus-resultat før skatt på til saman 1.022 millionar kroner, går det fram av årsrapporten til konsernet med base i Ulsteinvik. 

Næringsliv

Resultatet før skatt enda i 2017 på minus 359 millionar kroner, mot minus 529 millionar i 2016, ifølgje næringslivsavisa Nett.no.

Dei samla driftsinntektene var i fjor på 1.100 millionar kroner. Det var ei forbetring på nesten 250 millionar frå 2016, som var eit særs vanskeleg år for konsernet.

Ulstein Group slår i årsrapporten fast at også 2017 var eit krevjande år, men at dei etter omfattande omstillings- og effektiviseringstiltak no meiner seg godt posisjonert for å klare omstillinga til nye marknadssegment. Etter at ordreinngangen innanfor offshore-segmentet svikta, har konsernet prøvd å dreie produksjonen mot ekspedisjonsskip, passasjerferjer og serviceskip for vindkraftverk offshore.

Ulstein starta i fjor bygginga av hybridferja Color Hybrid, som reiarlaget Color Line skal setje inn på strekninga Sandefjord–Strømstad. Konsernet har òg kontraktar på design, utstyrsleveransar og bygging av fleire ekspedisjonscruiseskip, mellom anna for magasinet National Geographic.