Ulstein har generalforsamling fredag, der eitt av tema vil vere at Ulstein Group må hente inn 300 millionar kroner for å tryggje vidare drift.

Men det kan også sjå ut til at det vil skje spennande ting på verftssida framover. Vikebladet Vestposten erfarer nemleg at Ulstein Verft skal vere svært nær ved å signere ein større kontrakt på eit spesialskip.

Det vil i så tilfelle vere ei svært positiv nyheit for verftet, men også for regionen elles. I eit intervju med lokalavisa nyleg, fortalde verftsdirektør Kristian Sætre at verftet skal tilsetje rundt 50 nye tilsette i samband med nye prosjekt til hausten, men også at det i ein periode etter at yachten som no er under bygging, er ferdigbygd, vil bli nokre permitteringar.

Kjelder av Vikebladet Vestposten fortel at innhentinga av meir kapital også delvis blir gjort for å sikre lånopptak til nye prosjekt.

- Jobbar med mange spanande ting

Lene Trude Solheim, kommunikasjonssjef i Ulstein Group, fortel at ho ikkje kommenterer prosjekt verftet og designteamet jobbar med. Men ho seier følgjande:

- Vi jobbar med mange spanande ting, både på verft- og designsida. Vi vil komme tilbake til det om noko nytt eventuelt kjem på plass.