Som Vikebladet Vestposten først kunne melde fredag, skal Ulstein vere svært nære ved å signere ein ny kontrakt.

Lokalavisa møtte konsernsjefen og visekonsernsjefen til ein prat måndag formiddag. Dei kunne fortelje at aksjonærane i Ulstein Group under den årvisse generalforsamlinga fredag, samrøystes sa ja til å setje i gang prosessen med å gje eit såkalla konvertibelt lån på 150 millionar kroner til bedrifta. I tillegg bidreg DnB og Innovasjon Norge med 150 millionar i ordinært lån på toppen av dette. Dette kan gjere at ei eventuell kontraktssignering kan skje raskare enn ein først har trudd.

- Vi jobbar med spanande prosjekt, både her og der, sa visekonsernsjef Tore Ulstein til Vikebladet Vestposten, før søstera og konsernsjef Gunvor sa:

- Men for å seie det slik, vi håper å ha noko på plass før vi startar sommarferien i år.

Vikebladet Vestposten erfarer at Ulstein Verft ikkje er langt unna å signere ein betydeleg kontrakt på eit spesialskip.

Aksjonærane har trua

Dette er også noko som har vore med på å gjere aksjonærane meir sikre på at Ulstein har ei god framtid framfor seg, fortel Tore Ulstein.

- Det er ei sterk tru blant aksjonærane på at vi skal klare å utvikle selskapet vidare, og vi ser mange spanande moglegheiter i horisonten. No har vi fått meir kapital på plass, og vi i administrasjonen må difor jobbe hardt for å utnytte moglegheitene våre framover på best mogleg måte, seier Ulstein.

Ifølgje Gunvor og Tore Ulstein var dei aller fleste av aksjonærane på plass på generalforsamlinga, og dei har difor stor tru på at dei fleste vil nytte seg av moglegheita til å bli med på eit såkalla konvertibelt lån til verksemda. Fristen for å bestemme seg for å vere med eller ikkje, i ein prosentvis storleik på det kvar enkelt eig av aksjar i konsernet, er mot slutten av juni månad. I eit hypotetisk tilfelle der ingen utanom Ulstein-familien sitt investeringsselskap Ulsmo nyttar seg av dette, vil uansett Ulsmo stille garanti for heile beløpet på 150 millionar kroner, fortel dei.

Det konvertible lånet har ei varigheit på fem år.

- Godt forhold til DnB og Innovasjon Norge

Halvparten av dei 300 millionane Ulstein no hentar inn er altså eit lån frå DnB og Innovasjon Norge.

- Vi har over lang tid hatt eit godt forhold til og eit fruktbart samarbeid med desse to aktørane. Vi såg no at det var naudsynt å hente inn meir kapital, slik at vi skal kunne få på plass prosjekt vi jobbar med. Vi gjekk nettopp til DnB og Innovasjon Norge, og då var ønsket deira at også aksjonærane bidrog, seier Gunvor Ulstein.

Gunvor og Tore Ulstein fortel at Ulstein Group lenge har hatt ein strategi på å ha eit godt forhold til bankane.

Negativt driftsresultat i fjor

I 2017 hadde Ulstein Group ei omsetning på 1,1 milliardar kroner, og eit driftsresultat på minus 326,2 millionar kroner. Tapet skuldast låg utnytting av kapasiteten grunna låg ordreinngang i åra før, men også tap på einskilde prosjekt og nedskrivingar.

- Vi er midt i ein omstillingsfase etter den kraftige nedturen som ramma heile olje- og gassnæringa. Sjølv om vi har sikra oss fleire viktige kontraktar i nye segment, vart 2017 eit krevjande år for oss, seier konsernsjef Gunvor Ulstein og held fram:

- Arbeidet med å etablere seg i nye segment tek tid, og krev mykje kapital og ressursar. Vi meiner likevel at dette arbeidet vil gi resultat over tid, og at det er grunn til forsiktig optimisme.