Løysing på plass?

Kleven kallar inn til informasjonsmøte

Kan Kleven ha ei løysing på beddingen? Konsernet har kalla inn til informasjonsmøte måndag formiddag.
Næringsliv

Kleven-konsernet er på ny i økonomiske vanskar, etter at det blei henta inn heile 300 millionar kroner i fjor, ved at det kom inn fleire nye medeigarar. Mellom desse var Hurtigruten, som no ryktast å ville ta ein større posisjon i konsernet.

Måndag har Kleven invitert til informasjonsmøte i kantina på Kleven Verft, der dette truleg er tema.

Vikebladet Vestposten er på staden, og vil komme med meir når verftskonsernet byrjar møtet.


Les også:

Nett.no:

Hevdar Hurtigruten tek over Kleven Verft

Meiner Kleven Verft og Myklebust Verft får ulike eigarar.