Ho er tillitskvinne for dei tilsette som er organisert i Fellesforbundet ved Kleven Verft. Therese Hjelmeseth tok over stafettpinnen i tillitsvervet etter Olav Høydalsvik, og det på ei veldig spanande tidspunkt for konsernet. Måndag blei det nemleg klart at Kleven har sikra seg ein finansiell avtale der Hurtigruten-dotterselskapet KVE Holding tek over 100 prosent av aksjane i dei tre selskapa Kleven Verft, Kleven Maritime Contracting og Kleven Maritime Technology. Samstundes held dei eksisterande eigarane fram som eigarar i Myklebust Verft.

Inntil 600 millionar kroner er rammen for kapitaltilførselen sett til, noko som gjer at dei noverande prosjekta er sikra ferdigstilling, men også at Kleven har ein "buffer" å gå på.

- Dette er sjølvagt veldig positivt. Det sikrar oss likviditet til å fullføre det vi allereie har av arbeid, noko som er veldig kjekt. Samstundes er det jo ikkje til å legge skjul på at det nok opplevast som litt skummelt. Det er noko heilt nytt igjen, og ukjent, men vi har trua på at leiinga har fått i hamn ein god avtale.

Det som kjem fram i samband med den nye økonomiske løysinga er at dei lokale eigarane no er heilt ute av Kleven Verft.

- Om akkurat det har noko form for praktisk betyding for oss er eg ikkje sikker på, men igjen, vi får ha trua på at leiinga har funne fram til den avtalen som sikrar arbeidsplassane her på verftet, og som sikrar ei meir føreseieleg framtid for oss, og for lokalsamfunnet rundt oss, seier Hjelmeseth.