Sist veke vart det nyaste tilskotet til Island Offshore sin flåte, Island Dilligence, overlevert frå Vard Brevik til reiarlaget. Skipet er i utgangspunktet utvikla og konstruert som eit plattformsupply-fartøy, PSV, men har blitt bygd om til eit hotell- og servicefartøy.

Det melder Vard i ei pressemelding.

Gudmor Inger Stärk døypte Island Dilligence ved verftet si kai i Brevik sist måndag.

I følgje pressemeldinga har det nye fartøyet kapasitet til å innkvartere 100 personar om bord, inklusive mannskapet. Fartøyet er utstyrt med ei uttrekkbar gangbru som kompenserer for bølgjerørsler, slik at arbeidarane får ein trygg og effektiv tilkomst til plattformer og vindmøller til havs.

Det er Rolls-Royce som har designa fartøyet. Island Dilligence er 86 meter lang og har ei breidde på 18,5 meter.

- Det var veldig hyggeleg å arrangere skipsdåp i lag med med Island Offshore her i Brevik igjen. Vi gler oss til å sjå det nye fartøyet i operasjon, og eg vil gjerne nytte høvet til å takke Island Offshore for oppdraget, og våre tilsette og samarbeidspartnarar for godt utført jobb, seier verftsdirektør Lars Ivar Bøe, i følgje pressemeldinga.

Sjette ombygde skipet i flåten

Administrerande direktør i Island Offshore, Håvard Ulstein, seier at dei er svært nøgde med å endeleg kunne setje Island Diligence i drift.

- Vi har stor tru på at servicemarknaden innan vindkraft og også offshore vert styrka framover og at båten vil bli godt motteken av brukarane. Island Diligence er det sjette PSV-fartøyet i flåten vår som har blitt bygd om til andre formål, og det syner kor anvendelige denne fartøytypen er. Til dømes var Island Crown også eit PSV-fartøy som vi bestemte oss for å bygge om til W2W. Etter tilhøva har dette vore eit svært vellukka prosjekt for Island Offshore og eigarne og vi trur at vi innan kort tid vil skaffe ei kontrakt for Island Diligence, seier Ulstein i pressemeldinga..

F.v. Morten Ulstein, Håvard Ulstein, Mathias Ulstein, gudmor Inger Stärk og Lars Ivar Bøe