Tysdag var fleire journalistar frå internasjonale mediehus samla til internasjonalt pressetreff på Ulstein Expo. Dette som eit ledd i The 2018 Maritime Press Tour, som har vore ein årviss "happening" dei siste åra. Her reiser eit knippe journalistar frå internasjonale publikasjonar innan det maritime miljøet rundt på Sunnmøre, og ein av stasjonane dei var innom i år var Ulstein Group og Ulstein Verft.

I auditoriet presenterte dagens hovudrolle Ulstein Group seg først ved visekonsernsjef Tore Ulstein, før eit knippe av underleverandørane fortalde om sine verksemder.

Éi av desse verksemdene var Hareid-baserte Jets Vacuum AS, representert ved forretningsutviklar Jan Tore Leikanger. Den tidlegare administrerande direktøren for samme verksemd fortalde først om Jets som bedrift, før han presenterte noko heilt nytt og spanande for dei tilreisande journalistane og lokal- og regionalpressa. Noko som eigentleg ikkje skulle presenterast før til hausten, på den store skipsbyggarbransjemessa SMM (Society of Maritime Industries) i Hamburg.

Førpremiere på flunkande ny vakuumpumpe

I fleire år har nemleg verksemda jobba målretta med å vidareutvikle vakuumpumpa knytt til vakuumtoalettsystema, som Jets er mest kjende for å levere på verdsbasis. Nyvinninga kunne Jan Tore Leikanger stolt presentere for journalistane måndag, og det er ikkje reint lite verksemda har fått til med si nye vakuumpumpe.

- Dette var fyrste gongen vi viste fram den nye vakuumpumpa offentleg, så det er klart det var litt spanande, sa Jan Tore Leikanger til Vikebladet Vestposten like etter presentasjonen.

Og etter det lokalavisa kunne sjå, var det mange av journalistane som sperra opp augene under presentasjonen.

Den nyutvikla vakuumpumpa skal ifølgje Jets vere 67 prosent meir effektiv enn den førre versjonen.

- Dette er eit resultat av ei nøye planlagd utvikling. Pumpeteknologien vår har vi forbetra gradvis sidan 1987. Vi har tatt relativt store steg på den tida, optimalisert og forenkla løysingane våre. Det går mykje på erfaringane vi har gjort oss. Med samme tilført energi som tidlegare, aukar vi altså kapasiteten med 67 prosent. Det er mykje, sjølv i forhold til kva vi hadde sett føre oss sjølve, seier Jan Tore Leikanger nøgd.