Brønnbåten er kontrahert av Alsaker Fjordbruk på Onarheim. Det skriv MMC First Process i ei pressemelding.

Alsaker Fjordbruk er eit såkalla vertikalintegrert oppdrettskonsern, og er ein av de største privateigde aktørane innan produksjon av smolt og matfisk i Norge.

Brønnbåten får eit totalt volum på over 5000 kubikkmeter og vil kunne laste heile spekteret frå smolt til slaktefisk.

Leveransen omfattar også all vassbehandling og vaskeanlegg - i tillegg til at det er utvikla eit kjølesystem for lastetankane som også kan nyttast til å varme opp vatnet for termisk handsaming av fisk.

Skipet skal byggast ved Astilleros de Murueta-verftet i Spania, og leveringa er planlagd til i 2020. No har MMC First Process, som er eigd av Per Sævik og Havila Holding-eigde Havyard Group AS, ein ordrereserve på rundt ein halv milliard. Ordrar som strekk seg langt ut i 2019.