I ei pressemelding frå NHO Møre og Romsdal går det fram at dei ser svært positivt på Kongsberg Gruppen sitt oppkjøp av Rolls-Royce Commercial Marine.

– Rolls-Royce Marine er ein stor og viktig aktør i den maritime industrien i vår region. At Kongsberg Gruppen overtar, sikrar at verksemda blir i norske hender og at den maritime klynga befestar og styrker sin verdsleiande posisjon. Det er snakk om 3600 arbeidsplassar på landsbasis. En stor del av arbeidsplassane er i viktige hjørnesteinsbedrifter på Sunnmøre som trenger føreseielegheit. Med sin langsiktige tenking, kompetanse og innovasjonskraft er vi trygge på at Kongsberg Gruppen vil styrke den maritime industrien her ytterlegare, seier regiondirektør Torill Ytreberg i NHO Møre og Romsdal i pressemeldinga.

Den norske stat er største eigar i Kongsberg Gruppen. Næringsminister Torbjørn Røe Isaksen har gjort det klart at regjeringa ønsker at staten bidrar med 2,5 milliardar til kapitalutvidinga i forbindelse med oppkjøpet.

– Næringsministeren og regjeringa fortener skryt for sin offensive haldning. Det vil vere nærast utenkeleg dersom regjeringa ikkje får Stortingets samtykke, seier Ytreberg.

– Rolls-Royce har vore ein veldig god og viktig aktør i den maritime klynga på Sunnmøre. Vi har stor tro på at Kongsberg Gruppen vil vidareutvikle hele miljøet og på den måten bidra til den veksten som vår region, og Norge som nasjon, er helt avhengige av.

Torill Ytreberg, regiondirektør i NHO Møre og Romsdal er svært positiv til Kongsberg Gruppen sitt oppkjøp av Rolls-Royce Commerical Marine. Foto: Arkivfoto: Ingvild Aursøy Måseide.