Det er den nye trålaren til Havfisk AS som skal leverast frå Vard vinteren 2020 som skal få den nye fabrikken om bord. Det skriv Havyard-eigde MMC First Process i ei pressemelding måndag. Havyard Group ASA, som igjen har Per Sævik og Havila Holding som største eigar, eig 75 prosent av aksjane i MMC First Process, medan First Process Holding eig resten.

Administrerande direktør i MMC First Process, Petter Leon Fauske, fortel at dette er eit segment MMC First Process har satsa på og at denne ordren er eit gjennombrot.

- Dessutan er Havfisk med sin store flåte og kompetanse ein strategisk viktig kunde. Difor er vi veldig nøgde med ordren.

First Process har sidan 90-tallet levert fabrikksystem til landanlegg medan MMC har like lang historie med handtering av fisk om bord i båtane. Med fusjonen mellom dei to selskapa skal eit team no byggje og levere den første prosessfabrikken til ein fiskebåt.