Tysdag vart det klart at Ulstein verft skal bygge eit tredje serviceoperasjonsskip for Bernard Schulte. Skipet skal leverast i 2020. Skipet får Ulstein sitt SX195-design, utvikla av Ulstein Design & Solutions.

Saka blir oppdatert. Det hamburgbaserte rederiet Bernhard Schulte har lagt sin elsk på Ulstein verft.  No har dei for tredje gong tinga eit skip, som skal inn på den tyske vindfarmen Merkur Offshore.  Skipet skal vere ferdig til nyåret i 2020. Tyskarane er svært nøgde med dei to andre båtane som Ulstein har levert, fortel kommunikasjonssjef Lene Trude Solheim.

- Kontrakta viser to ting. Ein kunde innanfor vindsegmentet kjem tilbake for tredje gong. For det andre er dette det sjette skipet innanfor fornybar energi som er utvikla av Ulstein Design Solutions. Alt dette viser at båtane vi har levert før fungerer godt, og at vi har valt gode løysingar med designet.

Nettopp designet til båten, med det tekniske namnet SX195, er noko Solheim trekk særleg fram. Båten kan legge hekken og baugen av båten inn til vindinstallasjonen utan å snu fartøyet. Denne funksjonelle bragda er ei vidareutvikling av X-Bow designet, den bakoverlente baugtypen som mellom anna gir skipet betre sjøeigenskapar og redusert drivstofforbruk.  I ei pressemelding seier konsernsjef Gunvor Ulstein at meir miljøvenleg, berekraftig vekst blir viktig for Ulstein verft framover.