– Vi kan ikkje halde fram med å tape pengar. Vi er nøydde til å gjere ein snuoperasjon, seier finansdirektør Ola Beinnes Fosse i Kleven Verft til Dagens Næringsliv (DN).

Fire skip er under bygging ved verftet i Ulsteinvik på Sunnmøre, to ekspedisjonscruiseskip for Hurtigruten og to offshoreskip for Maersk Supply Service, men ingen av desse kjem til å gi overskot, ifølgje Fosse. Etter at verftet har levert det siste hurtigruteskipet seint neste år, er ordreboka tom.

Hurtigruten gjekk før sommaren inn som eineeigar i verftet og skaut samtidig inn frisk kapital på 600 millionar kroner for å sikre ferdigstillinga av dei to ekspedisjonsskipa reiarlaget har bestilt. Kva som skjer når desse skipa er leverte, er uvisst, seier Fosse.

– Akkurat no handlar det om å byggje opp igjen tilliten til bankar og aksjonærar, noko vi oppnår ved å byggje og levere skipa i tråd med oppdaterte planar. På eitt eller anna tidspunkt er vi avhengige av å få på plass nye kontraktar, seier finansdirektøren.

For Hurtigruten var underskotet i 2017 som forventa, ifølgje kommunikasjonsdirektør Anne Marit Bjørnflaten i Hurtigruten.

– Verftet har det siste året gått gjennom to restruktureringar, og vi har no fått på plass eit nytt styre som vi ventar vil gjere sitt til å forbetre drifta ved verftet, seier Bjørnflaten til DN.