Ørjan Svanevik er ingen kven som helst i norsk næringsliv, og har gjort seg spesielt merkt som ein som er dyktig til å restrukturere selskap. No skal han altså få Kleven tilbake på rett spor igjen. Det var næringslivsportalen Nett.no (ekstern lenkje) som først melde at Svanevik er ny styreleiar. Torleif Ernstsen, Tom Einertsen og Olav Nakken er dei andre styremedlemmane, i tillegg til tre tilsettevalde medlemmar; Alf Antonsen, Frank Hauge og Chris André Giske Remøy.

– Etter lengre tids dialog med eigarane valde eg å takke ja, seier Ørjan Svanevik til Vikebladet Vestposten.

Det vart tidlegare i sommar klart at Hurtigruten AS, med blant anna Petter Stordalen som medeigar, no eig 100 prosent av aksjane i Kleven Verft AS, og at Kleven Maritime AS, som eig Myklebust Verft, blir eit eige selskap.

– Viktige arbeidsplassar

I fjor slutta Ørjan Svanevik som toppsjef for John Fredriksen-kontrollerte Seatankers, men før dette var han involvert i restruktureringa av Kjell Inge Røkke sitt Aker-konsern, før han gjekk over til å gjere mykje av det same for nemnde Fredriksen og fleire av hans selskap, til dømes Frontline og Deep Sea Supply.

Som ny styreleiar for ei av hjørnesteinsverksemdene på Søre Sunnmøre, er Svanevik fullt klar over ansvaret som ligg i eit slikt verv. Han har dessutan god kjennskap til verftsnæringa allereie.

– Det er motiverande å jobbe med tradisjonell norsk industri, og å kjempe for å halde den konkurransedyktig og lønsam. Eg er veldig klar over kor viktige desse arbeidsplassane er for lokalsamfunnet på Søre Sunnmøre. Bestefaren min jobba heile livet på verft i Rosendal. Min svigerfar brukte ungdomstida si på verftet på Vestnes. Eg har også sjølv jobba mykje med verft i Norge, Finland og USA. Norge må ha skikkeleg industri også i framtida, seier Svanevik.

– Viktig å vere brutalt ærleg

For Kleven-styreleiaren er det viktig å setje handling framfor ord.

– Kleven har alltid hatt utruleg dyktige skipsbyggarar, men det nyttar ikkje å stikke hovudet i sanden. Det som har blitt prestert finansielt dei siste åra har vore heilt elendig. Risikoen og volumet har vore alt for høgt. Difor må det endringar til for at vi skal kunne vinne att tillit og lønsemd. No har vi fått på plass ei veldig god leiing, og må levere fartøya som er i ordrebøkene på tid. Der er det ingen slingringsmonn. Vi må få kostnadene våre ned på eit nivå som gjer at volumet kan reduserast betydeleg. Det er viktig å vere brutalt ærleg. Dei som ikkje vil brette opp ermane og ta eit skikkeleg tak får finne seg noko anna å gjere, seier Ørjan Svanevik.

Selskapet og dei tilsette må rett og slett skjerpe seg, i tøff konkurranse med andre norske verft og utlandet, meiner han.

– Vi må redusere kostnadene, forbetre prosjektstyringa på eksisterande ordrebok, og ha disiplin i høve kva for nye prosjekt og kva slags risiko vi tek på oss. Det eg håpar er at dersom vi klarer å skjerpe oss skikkeleg på dei to hurtigruteskipa vi byggjer no, så kan vi kanskje klare å få fleire kontraktar frå Hurtigruten i framtida.

– Verft kan ikkje flyttast

Den siste resten av det lokale eigarskapet har som følgje av den siste restruktureringa forsvunne heilt frå Kleven Verft AS, og er no berre å finne i Kleven Maritime AS, som eig Myklebust Verft. Mange er difor spente på kva dette vil ha å seie for framtida til Kleven Verft.

– Blir det framleis fokus på dei lokale verdiane, den lokale kunnskapen og den lokale tilhøyrsla?

– Verft kan ikkje flyttast, så det vil alltid vere ei lokal forankring uansett eigarar. Men uansett kven som er eigar, vi må klare å gå med overskot, og levere på lovnadane våre til bankane og kundane våre.

– Har du vore ute på verftsområdet og møtt arbeidarane, og gjort deg opp meiningar kring den noverande situasjonen på verftet?

– Ja, det har eg. På Kleven Verft er det mykje flinke folk som står på. Men, det glapp i leiinga og mangelen på ressursar øyremerka til prosjektstyring. No er det opp til oss sjølve om dette skal bli bra eller ikkje – og ingen andre. Marknaden er generelt god, og vi har ein solid eigar som har støtta Kleven med store finansielle ressursar. Dei har gitt oss ein sjanse til. No må vi gripe den sjansen, og banke ballen i mål.

– Kva meiner du er Kleven sin største fordel i tida som kjem? Kva for utfordring er størst?

– Den mindre cruisemarknaden er veldig bra. Kleven kan bli god på denne type fartøy gjennom bygginga av dei to hurtigruteskipa. Vi må vinne att tilliten hos bankane og kundane, så trur eg vi får nye kontraktar. Men da må vi vise raskt at framdrifta på eksisterande ordrebok er god nok, og kost på budsjett. Alt står på oss sjølve.