- Banken presterer godt på dei fleste områda, spesielt har vi god effekt av lågare tapsavsetnader i 2018 - i høve 2017 - og vi har soleis fått ein god start på året. Utsiktene i regionen vår er gode, og det ligg til rette for framleis god utvikling for 2018, seier Brautaset i ei pressemelding frå banken.

Lokalbanken har no ein forvaltingskapital på heile 11,5 milliardar kroner. Med ein 12-månaders vekst i personmarknaden på 6,7 prosent, ein innskotsvekst i same perioden på 5,7 prosent og ei innskotsdekning på 81,5 prosent, klarer banken seg meget godt i ei tøff tid for regionen.

- Det er stor aktivitet på personmarknaden, og banken aukar sin marknadsdel i dette segmentet. Vi har særs positiv utvikling i det vi definerer som ytre region (Ytre Søre Sunnmøre), og er veldig nøgde med det, seier Stig Brautaset.

Soliditeten er også styrka, fortel bankdirektøren.

- Med banken sin solide posisjon på soliditet, har vi gode føresetnader for vekst, seier han.

Sparebank 1 Søre Sunnmøre Hadde første halvår eit totalresultat før skatt på 62,4 millionar kroner, mot 39,1 millionar kroner i fjor på same tid. Innskotsveksten dei siste 12 månadane var på 340,8 millionar kroner.

Eit lengre intervju med administrerande direktør Stig Brautaset og regionbanksjef Lillian Breivik kjem i laurdagsutgåva av Vikebladet Vestposten.