– Eg har verkeleg store visjonar for dette silderognbaserte legemiddelet. Ikkje berre når det gjeld å skape industri og arbeidsplassar her i fylket, men ikkje minst når det gjeld å gi psoriasispasientar eit betre liv.

Administrerande direktør i Legemiddelindustrien (LMI), Karita Bekkemellem, gir uttrykk for at ho verkeleg har trua på legemiddelet til den ørstabaserte verksemda Arctic Nutrition.

Mot psoriasis

Legemiddelet, som er basert på omega 3 frå silderogn, er i ferd med å gå gjennom eit forskings- og utviklingsprogram som etter planen vil gi sikre status som godkjent legemiddel mot psoriasis i 2021.

Dersom dei pågåande studiane syner at ein kan dokumentere at legemiddelet har effekt, vil dette danne grunnlag for å få godkjent søknad om å få marknadsføre det i USA og EU.

Ambisjonen er å etablere legemiddelindustri på Sunnmøre.

Verksemda har allereie utvikla eit kosttilskudd basert på omega 3 frå silderogn. Salet av det patenterte kosttilskuddet skaffar nok inntekter til å sikre dagleg drift ved Arctic Nutrition.

Rogna som vert nytta kjem frå sild levert til mottak i distriktet, sist eit parti levert til fiskemottaket i Hjørungavåg.

– Utgangspunktet for legemiddelet er det same som for kosttilskuddet, men samansetjinga og konsentrasjonen er annleis, fortel Ole Arne Eiksund som tok til som dagleg leiar i Arctic Nutrition i april i år.

Lang erfaring i bransjen

Eiksund, som opphavleg er frå Ulsteinvik, har mange års erfaring både innan farmasøytisk industri og kosttilskuddsbransjen.

– Det er veldig kjekt å få sameine desse erfaringane i Arctic Nutrition, seier han.

Arctic Nutrition vart, som den førebels einaste verksemda frå Møre og Romsdal, i juli tatt inn som medlem i LMI som er ei interesseforeining for farmasøytisk industri i Noreg.

For å markere dette tok Eiksund med seg sentrale personar knytt til verksemda og legemiddelprosjektet, på ein tur til heimstaden hans Ulsteinvik der det vart besøk på «Heimebane»-location Høddvoll. Ferda gjekk vidare til Runde Miljøsenter med framsyning av Are Pilskog sin sildefilm «Havets sølv» og tur opp til Rundebranden. Turen vart avslutta ved Ålesund Kunnskapspark der den offisiell kunngjeringa av Arctic Nutrition sitt medlemsopptak i LMI vart formelt markert.