Herøy-lege får praksis i Ulsteinvik

Næringsliv

Allmennlege Ingebjørg Alice Toftesund sluttar som fastlege i Herøy og tek til ved det private medisinske senteret Medi3 i staden.

Toftesund, som er speialist innan allmennmedisin, har bortimot 16 års erfaring som fastlege. No går ho til jobb ved Medi3 si avdeling i Ulsteinvik og i Ålesund.

I ei pressemelding frå Medi3 seier Toftesund at ho er svært oppteken av kvaliteten i legetilbodet.

– Og eg strekkjer meg langt for kvar pasient. Difor samsvarer Medi3 sine verdiar med den måten eg likar å jobbe på, seier ho.

Ingebjørg Alice Toftesund skal også arbeide innan bedriftshelsetenesta og med Medi3 sitt tilbod til det lokale næringslivet

– Eg gler meg til å ta til i stilliinga. Det er spennande og utviklande å jobbe i heilt nye omgjevnader, med nye kollegaer og pasientar, seier ho.