Havila Hotels:

Havila startar eige hotellselskap

Målet er å vekse, fortel dagleg leiar i selskapet.

Günther Dahler, dagleg leiar i det nye selskapet, fortel at målet er å vekse. Her frå tida då han var hotelldirektør ved Thon Hotel Fosnavåg.  Foto: Arkiv/Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.

Næringsliv

Det var næringslivsportalen Nett.no som først skreiv om denne saka. Ifølgje nettstaden vil det nye selskapet Havila Hotels, eit dotterselskap i Sævik-familien sitt haldingselskap Havila Holding, vere ein auke i satsinga på reiseliv. Dagleg leiar i selskapet blir ulsteinvikaren Günther Dahler. Han fortel at målet er at satsinga skal vekse vidare.

I Havila Hotels er Hotel Ivar Aasen i Ørsta alt inne, i tillegg til Hotel Raftevold i Hornindal. I tillegg vil selskapet i følgje Nett.no vurdere å leggje inn 45 prosent eigarskap i Fosnavåg Vekst, som er eigarselskapet til Thon Hotel Fosnavåg.

Hotellsatsinga Sævik-familien har på Færøyane vil derimot bli lagt under morselskapet Havila Holding.