Kongsberg Gruppen:

Hentar inn 5 milliardar for å kjøpe Rolls-Royce Marine

Vil auke aksjekapitalen gjennom ein såkalla fortrinnsrettsemisjon.

Geir Håøy, konsernsjef i Kongsberg Gruppen.  Foto: Tore Sætre / Wikimedia

Næringsliv

Gjennom ei børsmelding fredag kjem det fram at Kongsberg Gruppen kallar inn til ei ekstraordinær generalforsamling 2. november.

Konsernet gjennomfører ei aksjekapitalinnhenting i form av ein garantert fortrinnsrettsemisjon.

Dette gjer dei for å få inn rundt rekna 5 milliardar kroner, som ein del av finansieringa som må til for å gjennomføre oppkjøpet av Rolls-Royce Commercial Marine. Midlane skal også gå til å dekkje kostnadane knytt til integreringa av Kongsberg og Rolls-Royce Commercial Marine.

Stortinget sa tysdag ja til at Kongsberg, som er 50,001 prosent eigd av Staten, kan kjøpe Rolls-Royce Marine, som mellom anna held til i Ulsteinvik og i Hjørungavåg.


Eit samrøystes Storting:

Sa ja til Rolls-Royce Marine-oppkjøp

Tysdag gjorde Stortinget vedtak om at statleg deleigde Kongsberg Gruppen kan kjøpe opp marinedivisjonen til Rolls-Royce.