Designar fartøy for den amerikanske havvindmarknaden

Utviklar konseptdesign for havvindskip til amerikansk selskap.

Ulstein skal designe ein kundetilpassa versjon av sitt SX195-design for Aeolus Energy Inc.   Foto: Ulstein Group

Aeolus sin planlagde serviceflåte for havvind.   Foto: Ulstein

Næringsliv

Ulstein har inngått kontrakt med Aeolus Energy Inc., Florida, om å utvikle eit konseptdesign på eit serviceoperasjonsskip for havvind. Som ei vidare utvikling av Ulstein sitt SX195-design, vil denne kundetilpassa versjonen stette krava til Aeolus Energy og den amerikanske kystvakta, skriv Ulstein Group i ei pressemelding

Dette er Ulstein sitt femte oppdrag innan havvind så langt i 2018.

– Havvind er ein av kjernemarknadene våre, og vi er svært stolte av å bli valt som designpartnar av Aeolus for å utvikle dette SOV-skipet, seier Tore Ulstein, visekonsernsjef i Ulstein i pressemeldinga.

Der går det også fram at Aeolus planlegg ei satsing som inkluderer kabelskip, transittbåtar og hotellskip. Alle skal bli bygde ved amerikanske skipsverft.

– Med våre referansar innan SOV- og offshoreskipsdesign, ser vi fram til å støtte Aeolus i å verkeleggjere havvindambisjonane sine og utvikle flåteporteføljen sin. Vi har lang erfaring i å følgje opp verft ulike stader i verda som byggjer våre innovative offshoreskip, og ser fram til å bruke desse erfaringane vidare i USA, seier Tore Ulstein vidare.