Nytt sterkt resultat for Fjord1

Gjekk med om lag 250 millionar kroner i pluss i tredje kvartal.

Dagfinn Neteland er administrerande direktør i Fjord1. Han kan gle seg over at verksemda leverte eit sterkt resultat i tredje kvartal.  Foto: Fjord1

Næringsliv

"Fjord1 fossar fram på fjorden", skriv verksemda i ei pressemelding tysdag. Der går det fram at Fjord1 leverte eit resultat på 249,6 millionar før skatt i tredje kvartal og at ein har eit resultat til no i år på 553,3 millionar kroner. Verksemda har hadde ein omsetnad på 825 millionar kroner i tredje kvartal.

- Fjord1 er prega av svært stor aktivitet i heile selskapet, men kanskje spesielt på anbodssida kor vi er glade for å ha vunne godt fram i denne perioden. Resultata våre understrekar at vi er leiande innan det grøne skiftet. Gjennom den høge aktiviteten som vi har lagt bak oss over ein lang periode, er vi også begynt å hauste verdifulle erfaringar som vi tek med oss i det vidare arbeidet. Trass i eit sterkt kvartalsresultat er vi fokuserte på det som skjer framover, som inneber mellom anna fleire anbodsprosessar og overtaking av nye miljøvennlege fartøy, fortel Dagfinn Neteland, administrerande direktør i Fjord1 i pressemeldinga.

Nyleg har Fjord1 fått tildelt kontraktar i "Romsdalspakken" og blitt innstilt som vinnar i anbodskonkurransen for fire ferjesamband på indre Sunnmøre.