Sparebank 1 Søre Sunnmøre:

Overrekte 50.000 kroner til Maritimt Forum Nordvest

Administrerande direktør Stig Brautaset gav Arnfinn Ingjerd i Maritimt Forum Nordvest eit solid bidrag til medlemsarbeidet.
Næringsliv

Arnfinn Ingjerd, dagleg leiar i Maritimt Forum Nordvest, kunne tysdag troppe opp på kontoret til Sparebank 1 Søre Sunnmøre i Ulsteinvik, der han fekk overrekt ein symbolsk sjekk.

Heile 50.000 kroner får foreininga, som har rundt 150 medlemsverksemder, i støtte frå Sparebank 1 Søre Sunnmøre.

- Dette er ein betydeleg sum, utan tvil. Denne gåva vil bety mykje for oss i arbeidet inn mot medlemmane våre, og er eit bidrag vi set stor, stor pris på, sa Ingjerd i møtet med lokalbanken, like før lokalavisa foreviga han og administrerande direktør i Sparebank 1 Søre Sunnmøre, Stig Brautaset.

Brautaset fortalde at midlane også er meint å vere ein heider i høve arbeidet som dagleg blir lagt ned av Maritimt Forum Nordvest, for å betre tilhøva til medlemmane deira.


Meir om dette i torsdagsutgåva av Vikebladet Vestposten.