Ny kommunikasjonsrådgjevar i Kleven:

- Eg gler meg

Lillian Haddal går frå Herøy kommune til Kleven Verft AS.

Lillian Haddal, ny kommunikasjonsrådgjevar i Kleven Verft AS.  Foto: Privat.

Næringsliv

Lillian Haddal er utdanna journalist ved NLA Mediehøgskolen Gimlekollen, og var tilsett som journalist i Regionavisa i fem år inntil avisa gjekk konkurs. Det siste året har ho hatt eit vikariat som informasjonskonsulent i Herøy kommune.

- Eg gler meg skikkeleg til å ta fatt på dette arbeidet, seier Haddal til Vikebladet Vestposten.

Som kommunikasjonsrådgjevar i Kleven Verft AS får ho ansvaret for både intern og ekstern kommunikasjon.

- Det er ei veldig spanande bedrift, og eg ser fram til å jobbe med kommunikasjon i ei verksemd som både har lokalt, nasjonalt og internasjonalt fokus, seier Haddal.

Som også fortel at ho vil samarbeide tett med kommunikasjonsavdelinga til eigarselskapet Hurtigruten AS.

Marianne Hovden, som fram til no har hatt ei delt stilling mellom Island Offshore og Kleven Verft, returnerer no i full stilling i Island Offshore.

Olav Nakken, administrerande direktør i Kleven Verft AS, fortel at han er godt nøgd med å ha Lillian på plass.

- Eg vil rette ein stor takk til Marianne Hovden som no går tilbake til Island Offshore for fullt, etter å ha delt seg mellom oss og dei ei tid - og samstundes gler eg meg til samarbeidet med Lillian som no kjem inn. Vi er veldig godt nøgde med å ha ho på plass hos oss, seier Nakken.