Kleven Verft:

Leiger ut arbeidskraft til Ulstein Verft

Har sendt 19 stålarabeidarar over på andre sida av Lyngnesvika for å jobbe for konkurrenten.

Grunna for mange arbeidarar i høve aktiviteten på verftet, har Kleven Verft (bildet) leigd ut arbeidskraft til konkurrenten like over Lyngnesvika, Ulstein Verft.  Foto: Arkiv/Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.

Næringsliv

Det var næringslivsportalen Nett.no som første skreiv om dette.

Det har ikkje skjedd på 20 år, men no har altså Kleven Verft leigd ut arbeidarar til Ulstein Verft. I utgangspunktet er dei to aktørane konkurrentar, men dei har også samarbeidd tidlegare når det har vore naudsynt. I og med at Kleven Verft har hatt for mange tilsette i sving hos seg målt i høve aktiviteten, blei løysinga å leige ut arbeidarar til Ulstein Verft - som verkeleg treng forsterkingar grunna høg aktivitet.

- Dette er veldig positivt og ein fordel for begge partar, seier Magne Gurskevik, dagleg leiar i Kleven Maritime Contracting, til Nett.no.

Per no er 19 stålarbeidarar leigd ut frå Kleven Verft til Ulstein Verft, skriv nettavisa. Organisasjons- og kommunikasjonsdirektør i Ulstein Group, Lene Trude Solheim, fortel til næringslivsportalen at dei totalt har hatt rundt 30 arbeidarar frå Kleven innom verftsportane.