Kristian Sætre blei administrerande direktør ved Ulstein Verft like før det som har vist seg å vere ein lang og tøff nedtur for heile den maritime næringa starta. Men han har også vore med på snuoperasjonen verftet har gjort – og i dag bygger Ulstein Verft det Sætre kallar for prototypebåtar nesten kvar einaste gong ein bygger. Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.

Meir aktivitet enn på lenge ved Ulstein Verft

Ved Ulstein Verft er det fullt køyr igjen, og ordreboka held verftet med arbeid utover i 2021. Vi tok oss ein prat med verftsdirektør Kristian Sætre.