Ulstein Verft-bygd offshorevindskip:

Døypte Acta Centaurus i Nederland

Gudmor Marianne van Oord stod for sjølve døypinga, og gav skipet namnet Acta Centaurus.  Foto: Acta Marine.

Flaska knuste godt då ho trefte skipssida.  Foto: Acta Marine.

Dronebilde av Acta Centaurus under dåpen i Den Helder, Nederland.  Foto: Acta Marine.

Næringsliv

Onsdag blei det nederlandske reiarlaget Acta Marine sitt offshorevindskip Acta Centaurus døypt ved kai i Den Helder, Nederland. Det opplyser selskapet om i ei pressemelding torsdag.

Båten blei levert frå Ulstein Verft i slutten av april.

Acta Centaurus har allereie fullført sin første jobb, som var å assistere det nederlandske kraftselskapet ONE-Dyas med såkalla Walk to Work-support. Dette blei gjort som ein del av vedlikehaldet på gassplattforma M7 i den nederlanske nordsjøen.

- Alle systema presterer svært godt. Med stor tru går vi vidare til Acta Centaurus si neste oppgåve, seier Rob Boer, administrerande direktør i Acta Marine i ei pressemelding frå verksemda.

Acta Centaurus er søsterskipet til eit anna offshorevindskip bygd ved Ulstein Verft, Acta Auriga - som blei levert i 2018. Acta Auriga har ifølgje Acta Marine jobba for fullt ved offshorevindfarmen Bard1 sidan den gong. Suksessen med den bestillinga resulterte altså i at Acta Marine ville ha ein båt nummer to, som då blei Acta Centaurus. Begge båtane har Ulstein sine patenterte design X-Bow og Ulstein X-Stern, det nemnde Walk to Work-konseptet montert, plass til 120 personar og helikopterdekk.