Populært blant ungdommar å ha fiske som sommarjobb

Over 300 ungdommar over heile landet har i år registrert seg hos Fiskeridirektoratet via ungdomsfiskeordninga, og har fiske som sommarjobb. Det er ny rekord.

Over 300 ungdommar over heile landet har i år registrert seg hos Fiskeridirektoratet via ungdomsfiskeordninga. Det er ny rekord. Bildet er frå havet ved Gryllefjord på utsida av Senja. Arkivfoto: Cornelius Poppe / NTB scanpix / NPK 

Næringsliv

Ordninga med ungdomsfiske gir ungdom mellom 12 og 25 år moglegheit til å drive fiske som næring i sommarferien. Samanlikna med 2018 er det ein auke på over 50 prosent.