Laila Lillebø Endresen (63) har drive Laila Tekstil & Interiør i snart 19 år:

– Eg er klar for å seie farvel til denne delen av livet mitt no

Smilande: Det er gjerne slik ein møter Laila Lillebø Endresen om ein tek turen innom Laila Tekstil & Interiør i Kyrkjegata 1. No ønskjer Laila å få meir tid saman med barnebarna sine og tid til hobbyar og friluftsliv.  Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.

Ei verksemd som dette kan ein ikkje berre låse døra til den dagen ein blir pensjonist. Eg trur det framleis er behov for dette tilbodet, og vi har kundar som kjem frå fjern og nær.

Laila Lillebø Endresen, dagleg leiar og drivar av Laila Tekstil & Interiør
Næringsliv

Det er ei tid for alt. No ønskjer Laila Lillebø Endresen å kome i kontakt med nokon som kan tenkje seg å ta over det ho har bygd opp, utvikle det vidare og gjere det til sitt eige.