Auka inntektene med 68 millionar kroner:

Gode tal for Sparebanken Møre

Administrerande direktør i Sparebanken Møre, Trond Lars Nydal.  Foto: Sparebanken Møre/Pressefoto.

Næringsliv

Onsdag morgon sende Sparebanken Møre ut ei pressemelding, der det går fram at banken leverer gode tal for første halvår av 2019.

I første halvår har Sparebanken Møre sine inntekter auka med 68 millionar kroner, samanlikna med same perioden i fjor. Kostnadane var 18 millionar kroner høgare, medan kostnadar i prosent av inntekter er redusert med 1,4 prosenteiningar og enda på 40,7 prosent. Tapa er framleis låge, ifølgje banken.

For andre kvartal isolert sett, var resultatet etter skatt 179 millionar kroner fem millionar opp frå same kvartal i 2018. Eigenkapitalavkastinga hamna på 12 prosent i kvartalet, og 11,5 prosent for første halvår.

– Vi konstaterer at eit sterkt fokus på lønnsemd og effektivitet har gitt resultat. Gjennom god underliggande drift har vi styrka både rentenettoen og andre inntekter i perioden. Resultatet er at vi per utgangen av juni ligg i forkant av våre eigne finansielle målsettingar, og er godt posisjonert for vegen videre, seier administrerande direktør i Sparebanken Møre, Trond Lars Nydal.

Sparebanken Møre kan elles vise til god vekst når det gjeld utlån og innskot per første halvår 2019. Utlån til personkundar og næringslivskundar har auka med 6,2 prosent dei siste 12 månadane, medan innskotsveksten er på 9 prosent i same perioden.