Blokkseremoni på CRIST-verftet i Polen for «Nexans Aurora»

Den nye kabelleggjaren tek form - skal ferdigstillast ved Ulstein Verft

Slik ser ein føre seg det store kabelinstallasjonsfartøyet «Nexans Aurora» - som skal ferdigstillast ved Ulstein Verft.  Foto: Illustrasjon/Skipsteknisk.

Administrerande direktør ved Ulstein Verft, Lars Lühr Olsen, står her med Ragnhild Katteland, administrerande direktør i Nexans Norway. Dei markerte tysdag at neste byggesteg på «Nexans Aurora» kunne ta til - samanstillinga av skrogblokkene.  Foto: Ulstein Group.

Næringsliv

Tysdag 15. oktober var Nexans vertskap for blokkseremonien til deira nye kabelinstallasjonsfartøy «Nexans Aurora» - ein ny milepåle i prosjektet. Nybygget skal ferdigstillast ved Ulstein Verft - og etter planen leverast til Nexans i 2021. Det går fram av ei pressemelding frå Ulstein Group torsdag.

Blokkene som utgjer skroget blir no samanstilte på CRIST-verftet i Polen og representantar frå reiarlaget, skipsbyggarane, skipsdesignaren og andre samarbeidspartnarar var til stades ved markeringa tysdag.

Skipet og løysingane om bord er utvikla gjennom eit samarbeid med Nexans, Skipsteknisk, Ulstein Verft og MAATS Tech.

- Bygginga av dette banebrytande kabelleggingsfartøyet er ein viktig milepæl i vår langsiktige strategi for framtidas energimarknad. Med blokkseremonien har vi tatt eitt steg vidare, seier Ragnhild Katteland, administrerande direktør i Nexans Norway.

- «Nexans Aurora» vil vere ein viktig ressurs til å kunne halde posisjonen vår som ein viktig totalaktør innan legging av sjøkablar, der vi bidreg til å sikre verdas energiforsyning ved å installere kabelsamband over heile verda og til det grøne skiftet.

- Fartøyet er godt førebudd for å gjere komplekse konstruksjonsoppgåver under vanskelege vêrforhold overalt i verda. Ulstein Verft skal ferdigstille skipet, noko som mellom anna inkluderer utrusting, kommisjonering og testing før fartøyet skal leverast i 2021. Vi er godt førebudde og klare til å sluttføre dette spennande prosjektet for Nexans, fortel administrerande direktør Lars Lühr Olsen i Ulstein Verft.

Kabelkapasitet på 10.000 tonn

DP3-skipet har ei svingskive med kabelkapasitet på 10 000 tonn, som utgjer eit nytt steg innan offshore fornybar energi. «Nexans Aurora» vil bli utstyrt for legging av sjøkablar, som omfattar buntlegging, kabelskøyting og -reparasjonar, grøfting og sikring av kabelsystem. Skipet er utvikla for å vere lett manøvrerbart og ha god posisjoneringsevne sjølv ved operasjonar i røft vêr.

Fartøyet vil ha ei viktig rolle i installasjonen av Nexans sine sjøkablar som skal gi meir energi til verda, bidra til å kople havvindfarmar til straumnettet, støtte elektrifisering av offshore oljeinstallasjonar og bygge utjamningsleidningar mellom land.