To Havila Shipping-fartøy sikra arbeid

PSV-en Havila Crusader er sikra arbeid i minst eitt år framover.   Foto: Arkiv/Vestlandsnytt.

Næringsliv

Onsdag kunne det Fosnavåg-baserte Sævik-eigde reiarlaget Havila Shipping offentleggjere at dei har inngått kontrakt med eit ikkje namngjeve britisk oljeselskap for plattformforsyningsfartøyet Havila Crusader. Kontrakten er basert på arbeid på to brønnar fast estimert til eitt år, med opsjon for sju brønnar estimert til over to år. Oppstart er forventa å vere innan éi veke.

Like gledeleg er det nok at eit andre skip, Havila Jupiter, er sikra kontraktsarbeid i Nordsjøen.

Oppstart er forventa til tidleg mars 2020 og er for ein fast periode på 70 dagar med opsjonar for inntil 35 dagar.