3.300 færre tilsette i varehandelen

Norske handlemønster og digitale løysingar fører til endringar i varehandelen.   Foto: Gorm Kallestad/NTB Scanpix/NPK.

Næringsliv

Ytterlegare 23.500 personar kom i jobb i fjor, og veksten var sterkast i Oslo. Men i varehandelen går kurva over talet på tilsette nedover.

Diskusjonen om butikkdød og endring i forbruksvanar har vore eit tema i lengre tid. Innan varehandelen var det 3.300 færre sysselsette i fjerde kvartal 2019 enn på same tid året før. Det inneber ein nedgang på 1 prosent, viser tal frå Statistisk sentralbyrå.

Også forretningsmessig tenesteyting og transport og lagring har færre folk – ein nedgang på høvesvis 1 og 0,5 prosent.

Dei næringane som fekk størst relativ framgang, var bergverksdrift og utvinning (8 prosent) og informasjon og kommunikasjon (5 prosent).

Jobbvekst totalt på 0,9 prosent

Talet på sysselsette i Oslo auka med 1,9 prosent gjennom året, og den sterkaste jobbveksten i landet fann dermed stad i hovudstaden.

På landsbasis var det 23.500 personar som kom i jobb i denne perioden, noko som svarer til ein vekst på 0,9 prosent.

I Oslo var det kvinner som stod for størsteparten av auken. Det blir spegla i at kommunal sektor, der mange kvinner jobbar, hadde den største veksten.

I tillegg til Oslo hadde òg Akershus god vekst i sysselsetjinga med ei påplussing på 1,5 prosent.

Fleire ledige stillingar

Samtidig viser ei oversikt frå Finn at det vart lyst ut 242.000 stillingar i fjor, opp 3 prosent frå året før.

– Det er vekst og førebels gode utsikter for norsk økonomi. Tala og veksten i 2019 er ikkje ulik dei mønstera vi såg ved førre konjunkturtopp, så prognosen vår er at utviklinga no vil flate noko ut, seier Christopher Ringvold, jobbanalytikar og produktdirektør for Finn jobb.

Veksten er solid i dei råvaredrivne bransjane, viser oversikta. Maritim og offshore opplevde 51 prosents vekst i fjor samanlikna med året før.

– Tala frå 2019 viser at vi framleis har ein økonomi som er råvaredriven. Det fører til at bransjar som olje, gass, verftsindustri og fiskeri held fram veksten, seier Ringvold.

Ønskjer seg digital kompetanse

Elles blir digital kompetanse etterspurd i stadig sterkare grad. Offentleg sektor ønskjer seg dette tre gonger så ofte som privat sektor.

– Det er ei stor omstilling på gang i offentleg sektor, derav etterspurnaden etter meir digital kompetanse. Dette har vi sett nokre år no, og det vil framleis bli spurt etter i åra som kjem, seier jobbanalytikaren frå Finn.

Flest i heiltidsjobb i Rogaland og Oslo

Rogaland er fylket der flest menn jobbar heiltid (85 prosent), følgt av Oslo (84 prosent), ifølgje SSB. Oslo har samtidig den høgaste delen av kvinner i heiltidsstilling (74 prosent).

Geografisk er det stor forskjell mellom kor mange menn versus kor mange kvinner som jobbar heiltid. I Oslo er forskjellen på omtrent 10 prosentpoeng, medan det i Vest-Agder er 30 prosentpoeng som skil.