Sportsarrangementa er for det meste i full sving igjen – noko som er gledeleg for Brygga Sportsbar:

– Det har vore tøft, men det er betre tider igjen no

Den populære sportsbaren på Sjøsida i Ulsteinvik sentrum måtte som følgje av koronapandemien stengje i ein lengre periode. Men det har ikkje tatt knekken på satsinga.

Optimistisk: Dagleg leiar ved Brygga Sportsbar, Øystein Muren, er optimistisk til tida framover for sportsbaren på Sjøsida i Ulsteinvik sentrum. No når Bundesliga, Premier League, La Liga, Serie A og dei andre store fotballigaene er i gang igjen, strøymer også folk tilbake igjen til sportsbaren, fortel Muren.  Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.

Næringsliv

– Trass i utfordringane har det gått rimeleg greitt likevel. Vi satsar på for fullt vidare, fortel dagleg leiar Øystein Muren til Vikebladet Vestposten.