#VVhandlelokalt:

Lokalavisa med ny lokalhandelkarusell på nett

Oppmodar til lokal handel: Vikebladet Vestposten sine marknadskonsulentar, Kristin Linge (t.v.) og Rose Mari Dragsund Bjørnerem - oppmodar til å handle lokalt. Lokalavisa lanserte ein ny lokalhandelkarusell torsdag morgon.  Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.

Næringsliv

Vikebladet Vestposten lanserer ei ny, digital teneste for lokale bedrifter. – Vi vil ytterlegare synleggjere dei lokale handelsbedriftene.

Det seier Kristin Linge og Rose Mari Dragsund Bjørnerem, Vikebladet Vestposten sine marknadskonsulentar.

Torsdag morgon blei den nye tenesta, ein digital karusell med lokale tilbod, lansert på Vikebladet.no.

- Mange lokale verksemder nyttar seg i dag av sosiale plattformer som Facebook og Instagram i promotering av varer og nyheiter. Gjennom vår nye løysing kan verksemdene enkelt gjere dette også via nettsidene til Vikebladet Vestposten, forklarer Kristin og Rose Mari.

Sjølvbetent karusell

Ved å bruke emneknaggen #VVhandlelokalt er det kundane sjølve som bestemmer kva som skal visast i karusellen – og når dei skal vere synlege.

- Det er fleire måtar å oppdatere karusellen på. Bilete med tekst blir til dømes henta automatisk frå Facebook eller Instagram ved å bruke emneknaggen #VVhandlelokalt. Men – ein kan også opprette eit innlegg manuelt, seier Kristin.

- Vikebladet Vestposten sender kundane ein mail med ei lenkje som ein må godta, for å igjen kople bedrifta opp mot lokalavisa sin lokalhandelkarusell, seier Rose Mari.

- Kvar veke får dessutan kundane tilsendt ein statistikk som viser nøkkeltal for annonsen, seier dei to.

Oppmodar til lokal handel

Viktigheita av lokal handel i både Hareid og Ulstein har vist seg spesielt godt under koronakrisa. Lokalavisa har også fokusert mykje på dette gjennom den redaksjonelle dekkinga.

- Vi vil med denne nye tenesta gjere det enklare for lokale bedrifter å bli meir synlege. Men – vi vil også oppmode folk til å handle lokalt. Vi har ein flott og variert lokalhandel i Ulstein og Hareid, og vi må ta godt vare på den, seier Kristin og Rose Mari avslutningsvis.