Hareid Group gjekk i pluss i 2019: - Dei mest krevjande prosjekta er no avslutta

Raffelneset: Hareid Group sitt hovudkontor ligg på Raffelneset i Hareid. Konsernet gjekk i pluss igjen i 2019 - etter eit tapsår i 2018.  Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.

Karsten Sævik, konsernsjef i Hareid Group.  Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.

Næringsliv

Etter eit år med tap i 2018, skapte Hareid Group i 2019 igjen plussresultat. Det skriv Hareid Group i ei pressemelding tysdag ettermiddag.

Konsernet består av tretten heil- og deleigde selskap, og leverer varer og tenester knytt til elektroinstallasjon på land og for skip, samt forbrukarelektronikk. Konsernet har 655 tilsette, og har hovudkontor på Hareid.

Det er ifølgje konsernet hovudsakleg krevjande prosjekt og store tap i enkeltselskap i den maritime verksemda som dreg ned resultatet. Men - gjennom sterke resultat i dei andre selskapa, skapte organisasjonen likevel eit samla driftsresultat på litt over sju millionar kroner.

- Vi har lagt bak oss ein periode med omfattande og kompliserte prosjekt i marinedivisjonen, prosjekt som har ført med seg store tap for Hareid Group. Dei mest krevjande prosjekta er no avslutta, og vi kan konsentrere oss om å bygge eit solid fundament for vidare utvikling i åra som kjem, seier konsernsjef Karsten Sævik.


Hareid Group har også måtte permittere tilsette – men er ikkje så hardt råka som dei hadde frykta:

– Vi har vore gjennom fleire brottsjøar før – og skal klare å stå av denne også

Det seier konsernsjef Karsten Sævik i Hareid Group om situasjonen. Med øvste ansvar for rundt 700 tilsette ser han det som ei viktig oppgåve å lose organisasjonen trygt gjennom koronakrisa.


Omsetnad på 1,2 milliardar

Hareid Group hadde i 2019 ein omsetnad på 1,2 milliardar kroner, den største årsomsetnaden i verksemda si historie.

- Konsernet administrerer ein stor aktivitet, og vi jobbar no med å ruste organisasjonen for å kunne ta nye steg med kontrollert risiko, seier Sævik.

- Gjennom 70 år har Hareid Group opparbeidd ein unik kompetanse innan elektroinstallasjon og varehandel. Denne kompetansen skal vi foredle og vidareutvikle til det beste for kundar, tilsette og lokalsamfunn, seier konsernsjefen.

2019 og 2018 for Hareid Group i tal:


20192018
Driftsinntekter1.197’’ 1.157''
Driftsresultat7,1’'-44,5’’
Resultat før skatt0,9''-46,9’’
’’ = millionar